ÅRSMELDINGAR

Årsmelding for 2017.

Årsmøtet i 2017 vart halde på biblioteket 16. mars 2017, og 14 personar var til stades.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Tore Hovda leiar
Ove Bunde nestleiar
Harald Olav Jevne kasserer
Aud S. Kvale sekretær
Helge Rønningen styremedlem

Varamedlemar til styret:
Berit Oldre og Andris Kvam.

Revisorar:
Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie.

Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og god kringle, som Gerd Jægersborg hadde baka. Helge Gudheim heldt eit interessant foredrag om Ysting i Valdres, basert på den flotte boka han har skrive om emnet.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 2 styremøter i året som har gått, i tillegg til ein god del e-postkommunikasjon.

Dette har historielaget jobba med i 2017:
13. juni hadde vi vårtur til Sputreføssen. Frammøte var ved Slettefjellsbommen ved Dalsbrune, og om lag 30 personar var med denne fine vårkvelden. Det var bra vassføring i Rysna, og vi fekk eit flott syn når vi sto på oversida av gjelet og såg fossen ovanfrå.
Hytteeigarane Trond S. Paulsen og Joakim Gundersen har laga eit lite hefte om Sputreføssen, som heldt på å bli lagt i røyr på 1920- talet. Dette er viktig og interessant å ha dokumentert for ettertida.
På turen ned att stoppa vi i sørre-Givris-tunet for ei kaffepause. Eigarane har restaurert tunet på ein grepa flott måte, noko dei skal ha stor ære av.
20. august hadde vi markering av sikteskiva på Hugakøllen. Dette var bra annonsert og 23 personar var med på dette. Leiaren ønska alle velkommen og takka alle som hadde bidrege for at plasseringa hadde vorte ein realitet. Jan Wollan som har vore vår gode hjelpesmann fortalde om arbeidet med skiva. Han hadde vore 2 turar på Hugakøllen dette året for å sjekke retningar og kva slag fjelltoppar som var synlege. Jon Lerhol tok også ordet og takka historielaget på vegne av familien til Knut Lerhol. Pengegåva etter gravferda vart til dette formålet. Det var til og med to ordførarar med på markeringa, både tidlegare ordførar Knut Haalien og noverande ordførar Vidar Eltun. Vidar takka også historielaget for initiativet.
Før sikteskiva var på plass, hadde styret i historielaget saman med fleire medhjelparar fleire tunge turar på Hugakøllen med plastrøyr, sement og utstyr.
Haustturen gjekk 3. september til Bagn Bygdesamling og Bangsbergatn med 17 deltakarar. Kristian Bergsund var ein dyktig omvisar. Det han ikkje veit om krigshandlingane i Valdres er ikkje verdt å vite. Været var flott denne dagen, og vi hadde ein triveleg oppleving, trass det dramatiske bakteppet som krigshandlingane var.
Valdres Historielag hadde eit kvilebord ved støtta til Johannes Belsheim. Dette vart til overs når støtta vart flytt til Heensåsen kyrkje. Vi har pussa bordet og gitt det eit par oljestrøk, så det vart godt som nytt. Dette fekk vi lov å plassere på toppen av Kongevegen i Kvamskleiva, og mange har tatt seg ei kvilepause der.
14. februar 2018 arrangerte vi saman med biblioteket Tysklandsbrigadekveld, der boka om Valdresgutter i Tysklandsbrigaden vart presentert. Trygve Remmen og Magnus Eidsvoll var sannheitsvitner som hadde mykje interessant å fortelje.
Arbeidet med bildeboka har tatt svært mykje tid dette året. No er vi komne til siste innspurt med bildeinnsamlinga, så den siste runda med å plukke ut bilda som skal brukast står no for tur. Når det er gjort, må vi få til gode tekster på alle bilder. Vi håper å få boka ferdig før jul 2019.

Vardevandring.
Heile 907 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2017. Jan Olav Hemsing Rud vart trekt ut, og har fått Turhandboka for Vang i premie.


Medlemstal.
Vi hadde heile 136 medlemmar i 2017, noko vi er grepa godt nøgde med.


Økonomi.
Pr. 31.12.2017 hadde Vang Historielag kr. 138.918,41 på konto.



Vang i Valdres, den 18. mars 2018.

Styret





Årsmelding for 2016.

Årsmøtet i 2016 vart halde på biblioteket 16. mars 2016, og 19 personar var til stades.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Tore Hovda leiar
Ove Bunde nestleiar
Harald Olav Jevne kasserer
Aud S. Kvale sekretær
Helge Rønningen styremedlem

Varamedlemar til styret:
Berit Oldre og Andris Kvam.

Revisorar:
Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie.

Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og god kringle, som Gerd Jægersborg hadde baka. Vi var så heldige å få besøk av Magny Karlberg som heldt eit interessant kåseri om hovudplagg i Vang i gamal tid.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 3 styremøter i året som har gått, i tillegg til ein god del e-postkommunikasjon.

Dette har historielaget jobba med i 2016:
2, juni arrangerte vi vårtur i området rundt nørre Leirhol. Vi møttest ved Riddarstøga, der Jon fortalde og synte oss rundt. Så var det gardsmuseet hans som laut inspiserast, der han har ei fantastisk samling av Jobu-sager, gamle traktorar, ljåer og reiskap. Vi gjekk vidare ned til Teigen, der Ola i Hærse budde. Jon og Sigrun har sett i stand husa og laga det triveleg i området rundt. Vidare gjekk vi til husmannsplassen Hærsen, der vi tok ei kaffepause i den fine vårkvelden. Så gjekk vi gjennom eit flott kulturlandskap til kvinnegrava som ligg nordafor garden. Denne kvelden var ei stor oppleving for dei som var med.
Haustturen gjekk 11. september til Vabakko med om lag 20 deltakarar. Vi stoppa på Smådalsfjellet, der Sigfred fortalde historia om Øynin og familien hans, og deira skjebne. Ola Haugen møtte oss på nørre Smådalen og fortalde mykje interessant om alle stølslaga nedover dalen. I Storlien stilte Ellen Petrine med traktering, og vi hadde ei triveleg pause i solveggen, før vi reiste på Øynadn og gjorde oss klare til turen over Smådøla og til Vabakko. Det hadde regna grepa siste døgnet, og Smådøla hadde vokse mykje sidan Helge og Tore var på synfaring nokre dagar i førevegen. Med vadarar og bæring kom flesteparten seg over elva. Det er ein god kilometer med bra stig frå Smådøla til Vabakko. Sola steikte då vi kom fram og synte oss at dette kunne vera ein god plass å slå seg ned på. Men det var utan tvil mange utfordringar å leva 2 mil frå nærmaste nabo. Og ikkje hadde dei vel internett eingong!
Vi har kome godt i gang med bildeboka, men dette er ein utruleg omfattande jobb som vi treng tid på. Vi hadde scannekveldar i Vang og Øye og har i tillegg gått gjennom fotoarkivet til kommunen. Arbeidet går framover. Mange gode hjelparar er med!

Arbeidet med sikteskiva har kome eit langt steg vidare. Vi har med god fagleg hjelp har vi fått laga råutkast til skiva, som peiker ut over 50 retningar. Går siste innspurten etter planen, blir skiva sett opp i løpet av sumaren. Når den tid kjem, må vi kalle inn til dugnad for å få alt vi treng opp på Hugakøllen.


Vardevandring.
Heile 1122 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2016. Jeanette Skaaren Rajezi frå Oslo og med tilgang til familiehytte i Vang, vart trekt ut, og har fått Turhandboka for Vang i premie.


Medlemstal.
Vi hadde heile 179 medlemmar i 2016, noko vi er grepa godt nøgde med.


Økonomi.
Pr. 31.12.2016 hadde Vang Historielag kr. 180.491,70 på konto.



Vang i Valdres, den 12. mars 2017.

Styret





Årsmelding for 2015 lagt fram for årsmøtet 16. mars 2016

Årsmøtet i 2015 vart halde på biblioteket 17. mars 2015, og 10 personar var til stades.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Tore Hovda leiar
Ove Bunde nestleiar
Harald Olav Jevne kasserer
Aud S. Kvale sekretær
Helge Rønningen styremedlem

Varamedlemar til styret:
Berit Oldre og Andris Kvam.

Revisorar:
Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie.

Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og grepa god kringle, som Randi Holien tradisjonen tru hadde baka. Sigfred fortalde om «einhendingen» og andre sermerkte personar, og tok for seg ein del av det som står i «Gamalt fraa Vang» av Bøye Kattevold.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 3 styremøter i året som har gått. Vang Historielag var ansvarlege for årsmøtet til Valdres Historielag. Vi starta på Heensåsen, der Sigfred fortalde om kyrkja og Johannes Belsheim, og Ivar Aars hadde med ei utstilling over skrifter som Johannes Belsheim hadde gjeve ut. Etterpå vart årsmøtet halde i sørre Hemsing, med traktering og kåseri av Helge Rønningen om produksjonen av Kubakkstolar.


Kva fekk historielaget utretta i 2015?
*  Historielaget tok initiativ til å få flytta kommunen sin bauta av Johannes Belsheim frå Vangsneshaugen til Heensåsen kyrkje. Som takk for dette initiativet fekk vi ein sterk og etter vår meining uberettiga kritikk frå kommunen for at vi påførde dei kostnader ved flyttinga. Om hundre år er allting gløymt, og alle er einige om at bautaen fekk ein flott plassering.
*  25. mai hadde vi vårturen vår i samarbeid med soknerådet i Vang og 175-års jubileet til Vang kyrkje. Turen gjekk frå Heensåsen kyrkje til Vang kyrkje. Bautaen ved Heensåsen vart avduka, og vi gjekk skogen om Høvdan og til Nørsvin, der bautaen til minne om Knut Gudmundsson Nørsvin vart tatt i augesyn. Vidare gjekk turen kongevegen til Kvam, der det var traktering og omvising, før vandringa held fram til Vang Kyrkje. 57 deltok på denne turen, noko vi er godt nøgde med.
*  Haustturen i år gjekk med buss frå Haukåsen og rundt Vangsmjøsa. Fyrste stopp var ved Leinekvernene, der Lars Skrinsrud møtte opp og fortalde godt og interessant om kvernhusa og korleis dei hadde fungert. Johannes Kasa møtte oss ved gamle Eidsfoss kraftverk, og fortalde ivrig om kraftverket, der han nær sagt hadde vokse opp. Tore fortalde litt av kvart under bussturen, som enda opp på Haukåsen. Der spanderte historielaget kaffe og lappar på alle dei 26 deltakarane. Quiz med stort engasjement tok vi oss også tid til.
*  24. september markerte vi krigsvåren 1940 i samarbeid med biblioteket og frivillighetssentralen. Helge Haugen kom frå Stavanger og fortalde frå bøkene sine «Vangsmjøsa lufthavn» og «Generalen og hans divisjon». 25 deltakarar meinte dette var eit bra arrangement.
*  Arbeidet med registrering av bildearkivet til kommunen held fram, og resultatet blir bra.
*  Historielaget har tatt initiativ til ei bok med historiske bilder frå Vang, slik nabokommunane våre har gjort på ein god måte. Arbeidet har kome godt i gang, og styret i historielaget har fått med seg mange gode medhjelparar så vi har stor tru på at dette skal bli bra.

I alt 108 har vore med på arrangementa våre i 2015.

Vardevandring.
Heile 1130 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2015. Dag Arne Helland, Lærdal, vart trekt ut, og har fått Turhandboka for Vang i premie.


Medlemstal.
Vi hadde 140 medlemmar i 2015, noko vi er godt nøgde med.


Økonomi.
Pr. 31.12.2015 hadde Vang Historielag kr. 183.309,81 på konto.



Vang i Valdres, den 12. mars 2016.

Styret




Årsmelding 2014


Årsmøtet i 2014 vart halde på biblioteket 21. mars 2014, og 10 personar var til stades utanom 4 frå styret.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Tore Hovda leiar
Harald Olav Jevne nestleiar
Randi Holien kasserar
Ove Bunde skrivar
Jan Sparstad styremedlem
Varamedlemar til styret: Berit Oldre og Andris Kvam.
Revisorar: Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen.
Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie. Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og grepa god kringle, som Randi Holien tradisjonen tru hadde baka. Nils Rogn synte bilder og film frå ein Amerikatur han hadde hatt, med fokus på
Valdres og Valdres-amerikanarar.
Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 3 styremøter i året som har gått. Leiaren deltok på årsmøtet til Valdres Historielag, og han har også representert laget på ein del andre møter gjennom året.
Kva fekk historielaget utretta i 2014?
Historielaget har i alle år arrangert vår- og haustturar. I år ville vi fornye dette arrangementet, og dette vart ein stor suksess! Innovangsjon tilbaud seg til å vera med å marknadsføre og hjelpe til med det praktiske ved dette arrangementet. Heile 36 vart med på rundturen i sørre delen av kommunen, der Harald Olav Jevne køyrde buss og Sigfred Hovda sto for det meste av pratinga. Vi var innom bautaen i Nørsvin, bautaen
over Johannes Belsheim og Veblen-minnesmerket i Høre. Så vart det omvising i Høre stavkyrkje og Heensåsen kyrkje, før vi returnerte til Haukåsen. Der var det god servering og artig konkurranse med flotte premiar, som Innovangsjon hadde skaffa. Dette arrangementet passa godt for både nye og gamle vangsgjeldingar og mykje lokalhistorie vart servert denne dagen. Vinden hadde herja stygt med varden på Hugakøllen sist vinter, og trengde hjelp til å koma seg på føtene att. Olav og Jonathan Øraker hadde køyrt trevirke oppunder køllen, og mange turgåarar hedde tatt med seg ein strange kvar oppover, så det var nok trevirke på staden. 6 stykke stilte ein vårkveld med reiskap og varden blir nok ståande
mange år etter dette. Johannes Belsheim-bautaen meiner er slik plassert at svært få er klar over han. Vi har derfor tatt initiativ til å flytte han til Heensåsen kyrkje, der soknerådet har funne ein lagleg plass. Alt er klart til flytting utpå våren 2015. Haustturen i år gjekk til Herredalen 7. september. Lions hadde hengt seg med på turen, så totalt 32 var med på bussturen. Sigfred Hovda har skreve bok om Herredalen, og
fortalde mykje både nytt og gamalt om denne merkelege dalen. Det var typisk Herredalsvær denne dagen, med sur vind og regn-el og skodde etter dalsidene. Det passa derfor ualminneleg godt at Sigrid og Knut Nefstad bad oss inn i sælet sitt, så vi kunne ta matpausa vår godt og varmt. Då vi kom fram att på Gjerdingstølen, gjekk mange av oss stølsvegen ned Liad’n til Austreim. Dette stigen er oppattmerka og
mange informasjonsskilt er sett opp, slik at turen er artig og interessant å gå. Vi er så heldige at vi bur i ein kommune som er ein god medspelar for historielaget. Nokre av medlemane til laget har brukt mange dagar på å legge inn informasjon på bildearkivet, og kommunen stiller med ein person til å legge inn opplysningane. Dette er eit flott og viktig arbeid for ettertida! alt 74 har vore med på arrangementa våre i 2014.
Vardevandring. Heile 899 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2014. Per K. Hillestad,
Hafslo vart trekt ut, og har fått Turhandboka for Vang i premie.
Medlemstal.
Vi hadde 161 medlemmar i 2014, noko vi er godt nøgde med.
Økonomi.
Pr. 31.12.2014 hadde Vang Historielag kr. 180.913,78 på konto.
Vang i Valdres, den 23. februar 2015.
Styret



Årsmelding for Vang Historielag 2013

Årsmøtet i 2013 vart halde på biblioteket 14. mars 2013, og 18 personar var til stades utanom 3 frå styret.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Harald Olav Jevne leiar
Ove Bunde nestleiar
Randi Holien kasserar
Tore Hovda skrivar
Jan Sparstad styremedlem
Varamedlemar til styret: Berit Oldre og Andris Kvam.
Revisorar: Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen
Valnemnd: Sigfred Hovda, leiar, Katharina Sparstad og Gunnar Belsheim.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie. Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og kringle. Tore Hovda hadde eit lite innlegg om slektsgransking før vi synte film om kampane i Valdres våren 1940.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 4 styremøte og arbeidsmøte i året som har gått. Saker som har vore behandla og arbeidd med er planlegging av turar og arrangement for medlemane, og digitalisering av gamle bilde i kommunen. Leiaren deltok på årsmøtet til Valdres Historielag, og han har også representert laget på ein del møter gjennom året.

Kva fekk historielaget utretta i 2013?
-Vårtur til Borlo bygdetun på Borlaug 16. juni. Dagfinn Hegg Lunde og kona har laga til ei utruleg flott bygdesamling, og dei var grepa flinke til å fortelja om arbeidet dei har hatt med det, og om alt det interessante dei har samla. 19 medlemmar deltok på dette arrangementet.
· Haustturen i år gjekk av stabelen 22. september. Vi gjekk ”Postvegen” frå Kvismoen, om Riddarberget og ”Utsikten” og til Ryfoss. Kari Wangensteen stilte som kjentmann, og hadde mykje interessant å fortelja oss, godt supplert av fleire av deltakarane. Det
var med 17 på denne turen.
· Hausten 2013 arrangerte vi slektsgranskingskurs med om lag 10 deltakarar som var innom ein eller fleire kveldar. Tore var kursleiar og vi heldt på 8 kveldar. Siste kvelden fekk vi besøk av to frå Valdres slektshistorielag.
· Kommunen har gjort ein stor innsats når det gjeld scanning av gamle bilde. Nokre fornuftige medlemar har vore med fleire dagar for å legge inn informasjon om dei forskjellige bilda. Dette er eit stort arbeid, men vi har i alle fall kome eit langt steg vidare!
I alt 46 har vore med på arrangementa våre i 2013.
Vardevandring.
Heile 803 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2013. Agnes Skjevdal
vart trekt ut, og har fått Turhandboka for Vang i premie.
Medlemstal: Vi hadde 176 medlemmar i 2013, noko vi er godt nøgde med.
Økonomi: Pr. 31.12.2013 hadde Vang Historielag kr. 170.627,20 på konto.
Vang i Valdres, den 21. mars 2014
Styret




Årsmelding for Vang Historielag 2012

Årsmøtet i 2012 vart halde på biblioteket 14. mars, og 8 personar var til stades utanom styret.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Harald Olav Jevne leiar
Ove Bunde nestleiar
Randi Holien kasserar
Tore Hovda skrivar
Jan Sparstad styremedlem
Varamedlemar til styret: Berit Oldre og Andris Kvam.
Revisorar: Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen
Valnemnd: Sigfred Hovda, leiar, Katharina Sparstad og Gunnar Belsheim.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie. Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og kringle. Kristian Bergsund fortalde om kampane i Valdres våren 1940. Dette var grepa interessant, og det var gut som hadde sett seg inn i det som hadde skjedd! Han har mellom anna vore i kontakt med tyske soldatar som var med, og deira etterkomarar.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 5 styremøte og arbeidsmøte i året som har gått. Saker som har vore behandla og arbeidd med er planlegging av turar og arrangement for medlemane, og digitalisering av gamle bilde i kommunen. Leiaren deltok på årsmøtet til Valdres Historielag, og leiaren har representert laget på ein del møter gjennom året.

Kva fekk historielaget utretta i 2012?
· Vårtur til Liabø og Kvam 23. juni. Sigfred var med og fortalde om Ola O. Lajord og samlinga hans i utmarksmuseet. Etterpå rusla me Kongevegen til Kvam, der det var kaffeservering. 17 deltok på dette arrangementet.
· 17. juni hadde vi medlemstur til Tyinholmen og Eidsbugarden. Hallgeir Opdal fortalde om tamreindrifta i kommunen, og også ein god del om gamle tiders reinsjakt. Hallgeir var god til å fortelle. Etterpå var det gratis kaffe og fersk suppe til alle frammøtte. Etterpå reiste me til Eidsbugarden, der Sigfred fortalde om Vinje. Me var i alt deltakarar.
· 25. august hadde vi hausttur til Klebersteinsbruddet i Kjøsa-Raudalen. Ove Bunde var flink og kunnskapsrik omvisar. Det var med 27 på denne turen, og tatt været i betraktning var det bra.

I alt 72 har vore med på arrangementa våre i 2012.
Vardevandring. 638 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2012.
Nora Nordsveen Rognås vart trekt ut, og har fått ”Lasse frå Lærdal” i premie.

Godtgjersle til styret.
Som dei siste åra valde styret også i 2012 å ta ein felles middag saman med æresmedlem og heimesideansvarlig, samt med følgje for alle. Alle kunne ikkje delta, men denne
trivelege kvelden hadde vi i Sørre Hemsing i november 2012.
Medlemstal: Medlemstalet i Vang Historielag var pr. 31.12.2012 174 medlemmar, noko vi er godt
nøgde med.
Innbetalt kontingent 2012 var kr. 7.200,-
Økonomi: Pr. 31.12.2012 hadde Vang Historielag kr. 172.227,99 på konto.
Vang i Valdres, den 14. mars 2013
Styret





Årsmelding for Vang Historielag 2011

Årsmøtet i 2011 vart halde på biblioteket torsdag 10. mars, og 10 personar var til stades utanom styret.

Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Harald Olav Jevne leiar
Ove Bunde nestleiar
Randi Holien kasserar
Tore Hovda skrivar
Jan Sparstad styremedlem

Varamedlemar til styret: Berit Oldre og Andris Kvam.

Revisorar: Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen

Valnemnd: Sigfred Hovda, leiar, Katharina Sparstad og Gunnar Belsheim..

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie.

Etter sjølve årsmøtet var det kaffi og kringle. Jan Arne Sebuødegård synte bort film frå Valdres Landbruksskule, som var tatt opp fyrst på 1950- talet, og Jan Sparstad synte film der Ola Sparstad mala korn i Leinekvedne.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 7 styremøte og arbeidsmøte i året som har gått. Saker som har vore behandla og arbeidd med er planlegging av turar og arrangement for medlemane, og digitalisering av gamle bilde i kommunen. Digitaliseringa trudde vi at var kome godt i gang, men sjølv om alt utstyret er innkjøpt av kommunen og midlar til å utføre jobben er løyvd, har ikkje arbeidet kome i gang enno. Dette er kommunen sitt ansvar.
To styremedlem deltok på årsmøtet til Valdres Historielag, og leiaren har representert laget på ein del møter gjennom året.

Kva fekk historielaget utretta i 2011?
" Vårtur til Haffeldknuppen ovanfor Stelegardane 27. mai.
17 deltok i den fine vårkvelden, og Andris Berge var turleiar, og hadde mykje artig og interessant å fortelja.
" 18. juni vart det invitert til gratis Vangsdag på Valdresmuseet med 28 deltakarar. Vi fekk oss fortalt kva dei arbeidde med og kva dei har på lager. Jahn Børe Jahnsen stilte velvillig opp, og gav oss ein kjapp omvisning i depotet i kjellaren. Der var det svært mykje interessant, men vi skulle gjerne hatt betre tid der nede. Vi fekk i alle falle sjå Stele-skåpet som Eiliv Odde Hauge klarte å få spora opp og fått til museet på 1960- talet. Etter omvisinga spanderte historielaget rummegraut og kaffe til alle i Nystøgobygningen.
" 28. august hadde vi hausttur til Belgeslettadn og Belgen. Været var trist frå morgonen, det hadde silregna fleire dagar, men det vart opphald når vi var klare til å gå. Det var med 24 på turen, og tatt været i betraktning var det bra. Vi var så heldige å få med oss Annie Selle som turleiar, og ho gjorde turen til ei stor oppleving! Rundt 1999 var ho og Dag Nordsveen på mange turar til Belgeslettadn og registrerte i alt om lag 30 rester etter menneskeleg aktivitet, og alt dette på eit område på om lag 200 x 300 meter. Mange av funna er med stor sannsynlegheit eit fangstanlegg for rein, med lange rekker med dyregraver grave ned i bakken, og ikkje mura, slik som det er vanleg mange andre stader. Dag og Annie hadde registert dette svært nøye og fotografert alle funna. Ein av deltakarane registrerte alle funna på GPS, slik at vi for framtida skal greie å påvise funnstadane. Det er utan tvil mykje meir å finne i området, og det er svært ønskeleg om nokon kan fortsette arbeidet til Annie Selle.

I alt 69 har vore med på arrangementa våre i 2011.

Vardevandring.
759 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2011, heile 121 fleire enn året før. Jan Jørund Mæland vart trekt ut, og har fått lokalhistoriske bøker i premie.

Godtgjersle til styret.
Som dei siste åra valde styret også i 2011 å ta ein felles middag saman med æresmedlem og heimesideansvarlig, samt med følgje for alle. Alle kunne ikkje delta, men denne trivelege kvelden hadde vi i Sørre Hemsing i november 2011.

Medlemstal.
Medlemstalet i Vang Historielag var pr. 31.12.2011 160 medlemmar, noko vi er godt nøgde med.
Innbetalt kontingent 2011 var kr. 6.650,-

Økonomi.
Pr. 31.12.2011 hadde Vang Historielag kr. 177.960,64 på konto.
Boksal av tidsskrift, årbøker og bygdebøker fra Valdres Historielag har gjeve oss ei inntekt på 2400 kroner.

Vang i Valdres, den 20. februar 2012

Styret


Årsmelding for Vang Historielag 2010

Årsmøtet i 2010
Vart halde på biblioteket onsdag 10. mars, og 11 personar var til stades.

Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Harald Olav Jevne leiar
Ove Bunde nestleiar
Randi Holien kasserar
Tore Hovda skrivar
Jan Sparstad styremedlem

Varamedlemar til styret:
Berit Oldre og Andris Kvam.

Revisorar:
Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen

Valnemnd:
Johannes Kasa, leiar, Sigfred Hovda og Katharina Sparstad.

Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar og 75 kroner for familie.

Etter sjølve årsmøtet var det kaffe, kringle og smultringar og flott framføring av songar etter Andris Vang, med Anne L. Belsheim og Kari Hagaseth.

Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 8 styremøter og arbeidsmøter i året som har gått. Saker som har vore behandla og arbeidd med er planlegging av turar og arrangement for medlemane, utplukking og utstilling av gamle bilete i biblioteket, filmframsyning og digitalisering av gamle bilde i kommunen. Når det gjeld digitalisering av gamle bilde, har vi kome eit stort steg vidare. Kommunen har verkeleg kome på banen, dei kjøper inn nødvendig utstyr og opprettar ei prosjektstilling for å scanne alle bilde. Historielaget stiller med interesserte medlemar som vil bli med å legge inn skriftlege opplysningar om bilda. Dette kjem vi tilbake til i 2011. Nokre i styret har vore med bibliotekar og prosjektleiar til Bærum Bibliotek for å få gode råd og tips. Arbeidet med utsending av medlemsskriv og bildeutplukking har ført styret saman 3 kveldar.
Eit styremedlem deltok på årsmøtet til Valdres Historielag, og leiaren har representert laget på ein del møter gjennom året.

Kva fekk historielaget utretta i 2010?
-Historisk vandring frå Heensåsen via Belsheim og til Kvemishaugen 21. mai. 26 deltok i den fine vårkvelden, og alle oppsitjarar i Belsheimgardane tok vel i mot oss med triveleg omvisning og servering. Imponerande å sjå kva for innsats dei har lagt ned for å ta vare på alle husa i denne grenda. Sigfred var turleiar.
-19. juni vart det invitert til gratis medlemsfest i Sørre Kvam med 45 deltakarar. Været var ikkje det heilt store, men alle kosa seg likevel. Valdreskvelven og Sigfred underheldt og kvelden var svært vellykka. Styret har planer om å gjenta suksessen.
-22. august hadde vi hausttur "i Kalvedalspresten sine fotefar." 36 var med på ein triveleg tur i brukbart vær. Kalvedalen er eit spanande turmål, med mange idyllsike plassar, og trolsk stemning. Om hola til presten vart funnen er vi ikkje heilt sikre på, mange meinte det var sannsynleg at nokon kunne finne ly i den hola vi fann. Tore og Sigfred var turleiarar på denne turen. Etterpå fekk vi omvisning i Kalvedalen Kraftverk av Nils Skrebergene, som var flink til å forklare på ein forståeleg måte.
-Fotoutstilling på biblioteket. Med svært god hjelp av bibliotekaren Åsta Brenna fekk vi til fotoutstilling med gamle bilde i biblioteket fra 1. oktober til 15. november. Mange bilde synte personar vi ikkje visste namnet på. Ein god del av dei som besøkte utstillinga supplerte med namn på ukjente. Det var mange innom for å sjå på utstillinga, men noko tal på kor mange, har me ikkje.
-15. oktober hadde me filmframsyning på auditoriet på VBU. Filmen "Becket" med Richard Burton i ei av hovudrollene handla om det dramatiske livet til Thomas Becket, som St.Tomaskyrkja vart vigsla til. Jahn Børe Jahnsen hadde ei interessant innleiing før filmen, der han fortalde den offisielle versjonen av historia om Thomas Becket. Det var mange positive tilbakemeldingar frå dei 35 som såg filmen.

I alt 142 har vore med på arrangementa våre, i tillegg til alle som var på fotoutstillinga.

Vardevandring.
638 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2010. Heidi Furvann vart trekt ut, og har fått Turhandboka i premie.

Godtgjersle til styret.
Som dei siste åra valde styret også i 2010 å ta ein felles middag saman med æresmedlem og heimesideansvarlig, samt med følgje for alle. Denne trivelege kvelden hadde vi i Sørre Hemsing utpå nyåret 2011.

Medlemstal.
Medlemstalet i Vang Historielag har hatt ein sterk auke siste året. 31.12.2010 hadde vi 176 medlemmar, ein auke på 75 siste året!
Innbetalt kontingent 2010 var kr. 7200,-

Økonomi.
Pr. 31.12.2010 hadde Vang Historielag kr. 187872,66 på konto.


Vang i Valdres, den 1. mars 2011

Styret

Framsida
Oppdatert 02.05.18 H.R.
Årsmeldingar for åra 2010 - 2017
For å lesa årsmeldingane for åra før 2010, klikk Her...