VANG HISTORIELAG
Framsida
'Middelalderkirker i Valdres', Av Jahn Børe Jahnsen, Andresen & Butenschøn, Oslo 2008. Av kyrkjene i Vang er det Høre stavkyrkje, Øye stavkyrkje, og Vang stavkyrkje som er skrivi om. ISBN: 978-82-7694-229-3
'Folkeminnesamlaren Andris Vang', av Nils Odvar Bergheim, Det norske samlaget 1974. ISBN 82-521-0291-3
Ragnhild Dietrichson 1995: Gamal byggeskikk i Vang, rapport frå registreringa av hus bygde før 1900. Valdres folkemuseum, Vang kommune. ISBN 82-91347-07-7
'Fjellpistra. Barndomsminner fra Vang', Sverre Thune, 2010. Forfattaren skriv om sjølvopplevd liv og arbeid på ein gard i 1930- og 1940-åra. ISBN 978-82-998504-0-7
'Heensåsen kyrkje 1902-2002', av Sigfred Hovda. Heensåsen sokneråd 2002.
'Gamalt fraa Valdres VI'. av O.K. Ødegaard. J.W. Cappelens forlag - Oslo 1927
'Ættarminne. Gamal Valdreskultur V', av Knut Hermundstad 1952, Oslo (Norsk Folkeminnelag). Om liv og arbeid på 1800-talet og fram til rundt 1930. Han skriv om matskikkar, reidskap, vermerke, og folkeskikk.
'Kvorvne Tider. Gamal Valdres-kultur VII', av Knut Hermundstad, Oslo 1961, Universitetsforlaget.
'Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-års skrift', Knut Hermundstad m. fl., Valdres Historielag 1951
'Frå Versailles til Valdres, ei drakthistorisk reise', Av Magny Karlberg 2015, Skald Forlag.
'Johannes Flintoes draktakvarellar', ved Aagot Noss, Det norske samlaget - Oslo 1970 
'Vang Kommune gjennom 150 år', Geir Beitrusten (red), 1987
'Kinning,bresting og ysting i Valdres sett i norsk og internasjonal samanheng', Av Helge Gudheim, Mat & Kultur AS 2013. Eit praktverk om emnet.
Ymse bøker med lokalhistorisk innhald
Dette er eit interessant hefte som kom ut fyrste gong i USA i 1917. Det er skrive av John T. Nystuen som utvandra i 1857. Blant anna er det interessante forteljingar om stridar i dei norske nybyggjarkyrkjene, til dømes om slaveriet som då var vanleg i USA.
Heftet kan bestillast hjå historielaget. Dette er interessant historisk stoff. Det reint litterære arbeidet er kanskje ikkje like bra, men heftet er svært godt lesbart, og er eit godt supplement til historiekunnskapen vår.