VANG HISTORIELAG
Bysten av Johannes Belsheim 1829-1909

Johannes Belsheim kom frå små kår, foreldra og han budde på ein husmannsplass. Etter at faren døydde måtte mora og guten forlate plassen. Det var ei naturleg hending når dei ikkje lenger kunne svara for plassleiga med arbeid for bonden. Framtidsvonene for ein gutunge fødd inn i ei så ring verd måtte ha vore heller mørke. Men Johannes måtte ha hatt slik eit intellekt at han var ustoppeleg, ville flyte opp som ei kork same kvar han ferdast. Han kom seg fram og studerte teologi. Seinare vitskapsmann i teologi. Han skreiv mange bøker. Bysten av han i heimbygda vart avduka fyrste gongen sommaren 1946. Den stod då på ein haug ved Vangsnes. Etterkvart vart dette ei uheldig plassering. Det var lite som fekk dei vegfarande til å stoppe på denne staden. Og om dei så gjorde skulle det noko til å bli var bysten som stod på ein sokkel oppe på haugen. Historielaget bestemde seg for å flytte bysten til Heensåsen kyrkje. Vang kommune hjelpte til og fekk dette gjennomført våren 2015. 25 mai 2015 vart bysten avduka på nytt i ei høgtideleg handling inne på kyrkjegarden like etter at messa inne i kyrkje var slutt. Etterpå gjekk mange med i den historiske vandringa som gjekk om tunet i Høvda, i Nørsvin, opp Kongevegen og innom Kvam gard før ein kom fram til Vang kyrkje.
Framsida