VANG HISTORIELAG
'Han Far. Prestehistorie og bygdeliv Vang i Valdres' 
Vang historielag 1997.
Framsida
Forfattaren Kjell T Lund var sokneprest i Vang frå 1969 til 1982. Interessant lesnad om prestane i Vang gjennom alle tider, kva livstilhøve og familie dei hadde, og inngåande om slektstavlene deira. Dei fleste prestane hadde ryddige og skikkelege liv, nesten alltid lyft noko opp i høve til almugen. Men det var også nokon som ikkje tilpassa seg. Ein prest på midten av 1800-talet fekk denne attesten: 'Vest van'n ner'n va fulle, og det va'n øfto, - te ein prest å vera'. Den morosame etterslengen  kan tyde på at den som sa dette hadde eit romsleg syn på livsførsel i.e. at var ein prest så skulle ein ikkje vera full 'før øfto'! ISBN 82-994510-0-0

Boka er utseld frå forlaget. Men ho er digitalisert slik at du kan lesa ho her...