VANG HISTORIELAG

Vangsdag på Valdres Folkemuseum 18. juni 2011

28 vangsgjeldingar stilte på Valdres Folkemuseum for ein "Vangsdag". Jahn Børe Jahnsen stilte velvillig opp, og gav oss eit interessant innblikk i museet.
Det som kanskje var av størst interesse for mange, er det såkalla Steleskåpet, som Karen, dotter til madam Anker fekk med seg då ho gifta seg til Stele 23. juli 1798. Skåpet var på handel frå i 1880-åra både i inn- og utland, heilt til museumsstyrar Eiliv Odde Hauge fekk spora det opp og interesserte vangsgjeldingar fekk kjøpt det og gav det til museet.


Etter omvisninga spanderte historielaget rummegraut, spekemat og kaffe i Nystøgebygningen på alle deltakarane.
Framsida