VANG HISTORIELAG

Stolsnikring i fire generasjonar
Fem generasjonar stol-snikkarar på garden Kubakke i Vang skapte ei industrihistorie som strekte seg over om lag 150 år. Dei laga tusentals stolar som vart spreidde til heile øvre Valdres og til dels også på sognesida og i Hallingdal og Hemsedal. Dei var så solid laga at dei vara i fleire generasjonar. Kjøp og sal, arv og skifte, og utbod på auksjonar gjer at det finst att Kubakkstolar kanskje i dei fleste heimane i Vang. 

Setet vart laga av gran, dei andre delane av bjørk
Stettar, sargar, beinforbindingar og tverrtrea i ryggstøet vart laga av bjørk. Setet vart laga av breie granfjøler. Furu hadde visst også vore brukt til sete. Stolen har 14 delar utanom setet. Framstettane vart laga beine og smalna av med omtrent 1/3 på innsidene, frå nedre kanten av sargen ned mot golvet. Høgd frå golvet og opp på setet var om lag 42 centimeter. Bakantil var stolen 36,5 centimeter brei og framantil 43,5 centimeter, mælt på utsida. Setet var 35,0 centimeter djupt, mælt frå framkanten og til baksargen. Bakantil låg setet innåt baksargen. På sidene og framantil  hekk setet ein snau centimeter utover sargane. Bakstettane var om lag 80 centimeter høge med ein kraftig og avrunda bakoversvai, øvst for at ryggstøet skulle halla høveleg bakover for at stolen skulle vera god å sitja på, og nedst for at stolen skulle vera stabil, ikkje bikke bakover. Bakstettane hadde naturleg bøyg fordi dei vart saga ut av bøygde bjørkestammar og vart dermed ekstra sterke. Det er denne fasongen på bakstetten som gjev stolen den elegante litt yppige utsjånaden. Setet var breidda ut framover slik at sidesargene sprikte omtrent 13 grader frå  kvarandre. Dette gjorde at tappen på sidesargen bakover mot stolarmen måtte skråast tilsvarande. Tappen vart laga så lang som råd ved at han gjekk heilt gjennom bakstetten og var synleg bakafrå, gjerne med bleigjer slegne inn bakafrå for å stabilisere konstruksjonen. Dette er den samanføyinga i ein stol som blir utsett for høgste påkjenninga og kan losne eller ryke sund. Og det skal vera eit mark på at det er ein ekte Kubakkstol at tappen i sidesargen går heilt gjennom bakstetten.

Plassering av baksarg og beinforbindingar - ein genistrek som gjorde stolen sterk
Framsarg og sidesarg som møtest i ei 45-grader gjæring inni framstetten gjer at tappane må bli nokså stutte, kan ikkje gå gjennom heile stetten. Dette gjer samanføyinga relativt svak. Dette kan ikkje løysast på annan måte i denne delen av stolen. Men baksargen er lyft opp eit hakk slik at den sjølv kan ha ein lang tapp utan at den er til hinder for at sidesargen kan ha ein lang tapp som går gjennom bakstetten. Beinforbindingane  både framantil, bakantil og på sidene er felte inn i ulik høgde slik at ein unngår problemet med at tappane må gjerast stuttare fordi dei møtest inni stetten. Denne byggjemåten gjorde at dei fleste tappane kunne vera lange slik at samanføyinga vart sterk. Dette er etter mitt skjønn ei hovudårsak til at ein finn att  Kubakkstolar i bygda som har vore i bruk i over 100 år.

Industriell tilpassing
Når ein studerer stolen ser ein at snikringa  hadde vore rasjonalisert så langt råd var for at arbeidet skulle gå fort unna. Såleis hadde den eit klårt preg av å vera eit industriprodukt. Byggemåten er framifrå godt uttenkt for å få til eit langliva produkt som ikkje rauk sund i første kastet.

Om ein skulle bruke berre handmakt var det berre ein måte å hogge ut eit tapphol på, med tappejern og klubbe. Denne prosessen let seg ikkje rasjonalisere før ein kunne få seg langholsbormaskin. Handsaging av ein tapp er teknisk vanskeleg og i beste fall tidkrevjande.  Kubakkesnikkarane rasjonaliserte dette med å lage ’skulder’ berre mot utsida av treet  og utan nokon ’nakke’, eller ’nakke’ berre på oppsida av treemnet. Denne forenklinga i arbeidsmåten forringa ikkje utsjånad eller slitestyrke i sluttproduktet.

Verkstadhus i 1930
Dei lafta opp eit hus for å ha verkstad i 1930. Det meste av reiskap og maskinar står der framleis. På hjellar oppunder taket finn ein mengder av tilsaga emne som har lege til turk. Og ein finn eit knippe med tremalar til stoldelane.

Bandsag og avrettarhøvel
Stolsnikkarane tok i bruk maskinar etter kvart som dei vart tilgjengelege. I 1904 bygde dei bandsag. Bandsaga måtte ha vore eit kvantesprang for ein snikkar som skulle lage til så mange boga tre. I verkstaden finst det også ein avrettarhøvel. Den er montert på ei treramme av grove firkantar som kviler på eit understell av betong. Borda er av støypejarn. Innmatingsbordet ligg på 4 sett med 2 treklossar i kvart sett. Klossane er laga som kilar som ligg oppå kvarandre med spissen kvar sin veg (anføttist!), under-klossen festa på sokkelen, oppå-klossen på innmatingsbordet. Med ein skrue med ratt på kunne ein senke innmatingsbordet med å dra det bakover slik at det glei nedover på den kileforma klossen på understellet, om ein ville ha høvelen til å ta mykje, omvendt om ein ville at han skulle ta lite. Moderne avrettarar har same prinsippet for å stille innmatingsbordet.

Sirkelsag med langholsbor på sagakslingen
Sirkelsaga har understell og bord av tre. Sagbordet er hengsla fast på understellet i eine enden og låg berre laust på understellet i den andre. Då kunne ein stille inn djupna på sagskaret med å lyfte opp den lause enden av sagbordet. Stolsnikkarane ordna dette med ein lang treskrue som lyfte opp sagbordet slik at sagdjupna kunne stillast nøye inn.   På enden av sagakslingen var det sett på ein chuck der dei kunne setje fast ein langholsbor (Figur 6). Emnet ein skulle bora i vart lagt på bordet og skuvd mot boren. Høgda på bordet i høve til boren kunne stillast inn med ein lang skrue med eit ratt på. På bordet hadde dei montert ei innretning med ei trestong kopla saman med eit tresykke som skuvde emnet mot boren. Ein langholsbor er forsynt med egg både i enden og opp langs sidene. Da kan ein laga eit tapphol med å bore fleire hol ved sida av kvarandre, djupna bestemt av kor langt inn ein skuvde emnet. Etter at hola hadde vorte bora tok ein ut veden som stod att mellom dei med å dra emnet sidevegs fram og attende. Resultatet blir eit tapphol som var avrunda i endene.  Tappen måtte då rundast av tilsvarande, eller ein kunne lage ein nakke på tappen slik at den runde endeavgrensinga på tappholet vart gøymd. Eg har sett Kubakkstolar der dei har runda til tappen, utan å lage nakke på han. Det vil ha teke under eitt minutt å lage eitt tapphol med langholsbor. Med klubbe og lokbeitel ville det ha teke kanskje 5-10 minutt. Så innretninga med langholsbor var ei viktig rasjonalisering av snikringa når ein veit at kvar stol hadde 20 tapphol. Dei hadde også brukt langholsboren for å lage spor for notklossar til å feste setet med og spara inn arbeidstid her også.

Kubakkstolen, ei 150-års industrihistorie frå Vang i Valdres
Framsida