VANG HISTORIELAG
Attmed Vang kyrkje står ein sjeldsynt bilet- og runestein.Steinen er reist omkring år 1000, i overgangstida frå heidensk til kristen tru her i landet.

Kopi av risset på Vangssteinen
Han er rekna for å vere ein av dei finaste biletsteinane i den stilarten som kallast Ringeriksstilen. Denne nemninga verkar underleg når ein veit at steinen ganske sikker er hogd på staden av lokal glimmerskifer. Årsaka, er at 3 andre biletsteinar i denne gruppa er laga av sandstein frå Ulvøya på Ringerike.

Steinen er ca. 2m høg, og framsida er rikt dekorert, øvst eit fabeldyr, kanskje ein løvefigur, under eit rikt forgreina bladverk og bandfletting med breie, sikre og klare strekar. Nedst er komposisjonen avslutta med ein bord, eit tverrband med eit enkelt geometrisk mønster.

På høgre smalside er det hogd inn 42 runer. I nokre av dei første tolkningane vart denne runeinnskrifta tydd slik:

"Gåsesønene reiste denne stein etter Gunnar sin bror"

Men dei siste 60-70 åra har runologane vore einige om følgjande tolking:

"Gåsesønene reiste denne stein etter Gunnar, brorson sin"

Ringeriksstilen og motivet på Vangssteinen er nok inspirert av stilretningar på slike arbeid elles i Europa frå denne tida, mellom anna finn ein liknande motiv på biletsteinar i Danmark, Sverige
Gåsesønene reiste Vangssteinen
Framsida