Vang
Historielag sin hausttur sundag 28. august 2011.
Vang
Historielag arrangerer hausttur til Belgen og Belgslettadn bakanfor
Grindane sundag 28. august med frammøte ved bommen til Helinvegen
kl. 11.00.
Når dei fleste av oss er ute på tur, hender det frå
tid til annan at vi kjem over restane av ei gamal dyregrav, ei hustomt
eller eit gamalt steingjerde. Andre blir svært interesserte og
prøver å finne fleire slike rester etter tidlegare liv
i fjellet. Annie Selle er ei dame som har interessert seg meir enn normalt
for slike ting. Ho har tråla Vangsfjella i mange år saman
med Dag Nordsveen nettopp på leiting etter gamle spor etter menneskeleg
aktivitet, og har registrert funna sine på ein nøyaktig
måte.
Då historielaget spurte henne om å bidra på ein hausttur,
vart ho i fyr og flamme, og svara ja til det med det same. Ho anbefalte
varmt Belgeslettadn, der ho har funne 25-30 forskjellige funn på
eit lite område.
Annie trur det kan vera meir i området som ho ikkje har funne.
Derfor legg vi inn ei skattejakt denne dagen med premiering til dei
som finn uregistrerte rester etter gamal tid.
Ingunn og Frank har sagt seg viljuge til at vi kan ta kaffepausa vår
ved stølen deira ikkje langt unna.
Ta med mat og drikke, samt klede etter været, og ikkje minst kompass
om du har det!!
Vi ønsker alle hjarteleg velkommen til å vera med på
ein spanande dag. Medlemmene i Barnas Turlag er spesielt velkomne!!