Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur/bøker

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

Logo til Vang Historielag
 

 

Vang historielag
har ein del faste aktivitetar og ein del som blir planlagt meir spontant.
Alle desse aktivitetane vil vi leggja ut her. Så sjå innom etter oppdateringar.

Vi har faste turar kvart år:

Vardevandringar- Kvart av historielaga i Valdres har sin fjelltopp med varde som turmål. I kvar varde er det lagt ut bok til å skrive seg inn i. Dei ulike historielaga har desse turmåla:

Vardevandringar
Vang - Hugakøll'n
Øystre Slidre - Kvithøvd
Vestre Slidre - Olberg
Ulnes og Svenes Historielag - Ryeberget
Aurdal - Vardeberget
Sør-Aurdal - Langeberg

Planar 2011

Fredag 27. mai kl. 19.00: Vårtur
med oppmøte ved Vårheim ovanfor Stele. Ein liten rusletur til Haffeldknuppen, med flott utsikt over Vangsoknet. Andris Berge blir med som kjentmann.

Laurdag 18. juni kl. 11.00: Medlemstur til Valdresmuseet på Fagernes
Ole Aastad Bråten vil finne fram spanande ting frå magasina som ikkje er tilgjengeleg for folk flest. Det blir Vangsfokus på det vi får oppleva. Historielaget spanderer mat og drikke i museumskafeen.

Sundag 28. august:
Historisk vandring i Smådalen

Annie Selle er ei dame med uvanleg stor interesse for reinsgraver og fangstanlegg i Vangsfjella. Ho har sagt seg viljug til å bli med oss og syne og fortelle om det ho har funne. Ho er verkeleg ein kapasitet på området. Oppmøte ved bommen til Helinvegen kl. 10.30. les meir....

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 08.08.2011