Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur/bøker

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

 


Vang Historielag, årsmelding for 2003.


Det har vore liten aktivtet det siste året noko som skuldast ein slapp formann. Desse har vore i styret siste året: Formann Trygve Berge, styremedlemer: Jørand O Lunde, Harald Olav Jevne, Ove Bunde og Jan Sparstad.

Vi greidde ikkje å samle heile styret slik at vi fekk: valgt resten , så formannen har fungert som kasserer, og Jørand har vore skrivar . Vi har hatt tre styremøter. Det vart kjøpt ny bok til Hugakollen, og formannen var oppe med den . Vi var med i den historiske vandringa til Hugastølen, det var ein fin tur Valdres Historielag hadde års møtet sitt i Søre Kvam, og Vang var vertskap og betalte serveringen, og Jørand var der og tok mot årsmøtedeltakarane.

Før jul var formannen bedd om å kome til Fagernes på bok-kveld for å fortelja om Gamalt Fraa Vang .

Bokhandelen har fått 15 bøker for salg.

Det vart lagt ut bank giroar i postkassene til medlemer og andre , vi fekk nokre nye.

Laget har 69 medlemer som har betalt tilsaman kr: 4550, Boka har seld bra, det er seld for ca 70000 kr, vi har også gitt bort nokre til slektningar etter Boye Kattvold. Laget hadde ved årsskiftet ei behaldning i banken på kr: 46,676,57 og har dermed auka formuen frå kr:24874. Laget har derfor ikkje søkt om støtte i år, men kan komme attende seinare dersom noko skulle dukke opp. Haust-turen vart litt annleis i år , vi brukte pengar på ein tur til Frønningen, vi var 30 stk i 2 minibussar, det var den l0 august. Vi vil gjeme ha forslag til tur til hausten, og ellers andre forslag til ting vi kan drive med.

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 14.02.2011