Årsmelding
for Vang Historielag 2010
Årsmøtet
i 2010
Vart halde på biblioteket onsdag 10. mars, og 11 personar var
til stades.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Harald Olav Jevne leiar
Ove Bunde nestleiar
Randi Holien kasserar
Tore Hovda skrivar
Jan Sparstad styremedlem
Varamedlemar til styret:
Berit Oldre og Andris Kvam.
Revisorar:
Aslaug Gjevre og Frank T. Jacobsen
Valnemnd:
Johannes Kasa, leiar, Sigfred Hovda og Katharina Sparstad.
Årsmøtet vedtok uendra kontingent, 50 kroner for enkeltmedlemmar
og 75 kroner for familie.
Etter sjølve årsmøtet var det kaffe, kringle og
smultringar og flott framføring av songar etter Andris Vang,
med Anne L. Belsheim og Kari Hagaseth.
Aktiviteten i styret.
Styret har hatt 8 styremøter og arbeidsmøter i året
som har gått. Saker som har vore behandla og arbeidd med er planlegging
av turar og arrangement for medlemane, utplukking og utstilling av gamle
bilete i biblioteket, filmframsyning og digitalisering av gamle bilde
i kommunen. Når det gjeld digitalisering av gamle bilde, har vi
kome eit stort steg vidare. Kommunen har verkeleg kome på banen,
dei kjøper inn nødvendig utstyr og opprettar ei prosjektstilling
for å scanne alle bilde. Historielaget stiller med interesserte
medlemar som vil bli med å legge inn skriftlege opplysningar om
bilda. Dette kjem vi tilbake til i 2011. Nokre i styret har vore med
bibliotekar og prosjektleiar til Bærum Bibliotek for å få
gode råd og tips. Arbeidet med utsending av medlemsskriv og bildeutplukking
har ført styret saman 3 kveldar.
Eit styremedlem deltok på årsmøtet til Valdres Historielag,
og leiaren har representert laget på ein del møter gjennom
året.
Kva fekk historielaget utretta i 2010?
-Historisk vandring frå Heensåsen via Belsheim og til Kvemishaugen
21. mai. 26 deltok i den fine vårkvelden, og alle oppsitjarar
i Belsheimgardane tok vel i mot oss med triveleg omvisning og servering.
Imponerande å sjå kva for innsats dei har lagt ned for å
ta vare på alle husa i denne grenda. Sigfred var turleiar.
-19. juni vart det invitert til gratis medlemsfest i Sørre Kvam
med 45 deltakarar. Været var ikkje det heilt store, men alle kosa
seg likevel. Valdreskvelven og Sigfred underheldt og kvelden var svært
vellykka. Styret har planer om å gjenta suksessen.
-22. august hadde vi hausttur "i Kalvedalspresten sine fotefar."
36 var med på ein triveleg tur i brukbart vær. Kalvedalen
er eit spanande turmål, med mange idyllsike plassar, og trolsk
stemning. Om hola til presten vart funnen er vi ikkje heilt sikre på,
mange meinte det var sannsynleg at nokon kunne finne ly i den hola vi
fann. Tore og Sigfred var turleiarar på denne turen. Etterpå
fekk vi omvisning i Kalvedalen Kraftverk av Nils Skrebergene, som var
flink til å forklare på ein forståeleg måte.
-Fotoutstilling på biblioteket. Med svært god hjelp av bibliotekaren
Åsta Brenna fekk vi til fotoutstilling med gamle bilde i biblioteket
fra 1. oktober til 15. november. Mange bilde synte personar vi ikkje
visste namnet på. Ein god del av dei som besøkte utstillinga
supplerte med namn på ukjente. Det var mange innom for å
sjå på utstillinga, men noko tal på kor mange, har
me ikkje.
-15. oktober hadde me filmframsyning på auditoriet på VBU.
Filmen "Becket" med Richard Burton i ei av hovudrollene handla
om det dramatiske livet til Thomas Becket, som St.Tomaskyrkja vart vigsla
til. Jahn Børe Jahnsen hadde ei interessant innleiing før
filmen, der han fortalde den offisielle versjonen av historia om Thomas
Becket. Det var mange positive tilbakemeldingar frå dei 35 som
såg filmen.
I alt 142 har vore med på arrangementa våre, i tillegg
til alle som var på fotoutstillinga.
Vardevandring.
638 sprekingar hadde skrive seg inn i boka på Hugakollen i 2010.
Heidi Furvann vart trekt ut, og har fått Turhandboka i premie.
Godtgjersle til styret.
Som dei siste åra valde styret også i 2010 å ta ein
felles middag saman med æresmedlem og heimesideansvarlig, samt
med følgje for alle. Denne trivelege kvelden hadde vi i Sørre
Hemsing utpå nyåret 2011.
Medlemstal.
Medlemstalet i Vang Historielag har hatt ein sterk auke siste året.
31.12.2010 hadde vi 176 medlemmar, ein auke på 75 siste året!
Innbetalt kontingent 2010 var kr. 7200,-
Økonomi.
Pr. 31.12.2010 hadde Vang Historielag kr. 187872,66 på konto.
Vang i Valdres, den 1. mars 2011
Styret