Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur/bøker

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

 

Vangsdag på Valdres Folkemuseum
18. juni 2011

28 vangsgjeldingar stilte på Valdres Folkemuseum for ein "Vangsdag".

Jahn Børe Jahnsen stilte velvillig opp, og gav oss eit interessant innblikk i museet. Vi fekk mellom anna vera med i magasinet, der det er lagra svært mykje som dei ikkje har plass til å stille ut.


 

 

Det som kanskje var av størst interesse for mange, er det såkalla Steleskåpet, som Karen, dotter til madam Anker fekk med seg då ho gifta seg til Stele 23. juli 1798. Skapet var på handel frå i 1880-åra både i inn- og utland, heilt til museumsstyrar Eiliv Odde Hauge fekk spora det opp og interessert vangsgjeldingar fekk kjøpt det og gitt det til museet.


Etter omvisninga spanderte historielaget rummegraut, spekemat og kaffe i Nystøgebygningen på alle deltakarane.

Helsing Tore

 

 

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 20.06.2011