Bøker / hefte

 

 

Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur/bøker

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

 

Bøker kan bestillast på Vang historielag si adresse post@vanghistorielag.no
Eller du kan kontakte ein i styret.


Farsarven(2009) Sjå bokomtale her også...
Farsarven er utgitt i 2009 av Vang historielag. Det er ei bok som består av ei stor samling med tekstar. Dei fleste er skrivne av Johannes Bøe (1888-1973), men det er også lagt til tekstar av sonen Nils (1927-2008). Sonesonen, Johannes, har fullført arbeidet.
Det er ei interessant bok, der ein kan få innblikk i livet i Vang frå slutten av 1800-talet og framover fyrst på 1900-talet. Johannes Bøe skreiv mest om livet sitt på Nedre Bøe, men dette er opplevingar som også andre kan kjenne seg att i.
Boka har eit fint særpreg, og kan anbefalast på det varmaste.
Boka kostar kr 250,-


Erindringer(1917)
Dette er eit interessant hefte som kom ut fyrste gong i USA i 1917. det er skrive av John T. Nystuen som utvandra i 1857. Blant anna er det interessante forteljingar om stridar i dei norske nybyggjarkyrkjene, blant anna om slaveriet som då var vanleg i USA.
Heftet kan bestillast hjå historielaget.
Dette er interessant historisk stoff. Det reint litterære arbeidet er kanskje ikkje like bra, men heftet er svært godt lesbart, og er eit godt supplement til historiekunnskapen vår.
Pris: 25 kroner


Boke um Ryføss(2007)

Forfattar Sigfred Hovda
Pris: Kr 250,00
Bestseljar. Selt over 900 eksemplar i to opplag.


Gamalt frå Vang(1918-1930)

Forfattar Boye Kattevold(1849-1936)
Gode historier frå Vang, delvis skrivne på dialekt.


Han Far (1997)

Prestehistorie og bygdeliv i Vang i Valdres
Forfattar Kjell T.Lund

Boka er utseld



Forfattar: Andris Eivindson Vang
Dette er den fyrste prenta samling av folkeminne på norsk mål i vårt land.
Boka kom ut fyrste gong i 1850.
Den er ikkje å få kjøpt, anna enn kanskje i antikvariat.


Bøker kan bestillast på Vang historielag si adresse post@vanghistorielag.no Eller du kan kontakte ein i styret.
 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 14.02.2011