|
Om laget
Kalender
Aktivitetar
Prosjekt
Tema
Kontakt
Historiske
vandringar
Lokale arkiv
Litteratur/bøker
Lenkjer
Andre lag
i Vang
Valdres
Historielag
Årsmelding-referat
|
|
TORSDAG
17. DESEMBER 2009 VALDRES
Gards-
og grendehistorie frå Vang
Av
Sigfred Hovda
"Farsarven - gårds- og grendehistorie fra Vang i Valdres"
Garden er nedre Søre-Bø og grenda er Vangssøkné.
Ja, dette er ei spesiell bok som har vorte til på ein spesiell måte
som eg her skal gjera greie for: Johannes Bøe som var fødd
i 1888 var ein aktiv og vaken herremann, gardbrukar i Søre-Bø.
På sine eldre dagar tok han seg føre med det mange burde
gjera, han skreiv om livet sitt, frå barndom, ungdom, manndom og
alderdom. Og han skreiv godt. Då gamlefar hadde lagt ned vandringsstaven,
tok sonen Nils seg av det faren hadde skrive. Han "reinskreiv"
det og fletta inn mykje av sine eigne og syskena sine opplevingar med
mor og far. Syskena hans, Torfin og Marie, har og skrive.
Men Nils skulle ikkje oppleva å få sjå boka ferdig trykt.
Han døydde brått sommaren 2008. Då var det Johannes,
sonen hans, som tok ansvaret for bokarbeidet og har fullført verket
til far og bestefar.
Det som gjer denne boka til mykje meir enn ei gards- og slektsbok for
Søre-Bø, er at han Gamle-Johannes fortel så mykje
om livet i grenda i hans levetid. Han fortel om hoppbakkar og skeisemoro
i måneskinskveldar på Vangsmjøsen, om festlege lag
og joletradisjonar, om fiske. fangst og reinstrafikk, mykje om stølen
og stølsdrift og stølstradisjonar før i tida, om
arbeidet på garden og stølsvegbygging, - og mykje meir interessant.
Men fyrst og fremst er det forteljinga om ein ganske spesiell ungdom med
mykje tiltakslyst og planar
for livet sitt. Men det var ikkje enkelt. Smått med pæing
hjå han som hjå andre på den tida. Likevel handlar han
hest som 19-åring, og 21 år gamal blir han reineigar og fjellmann.
Aldeles rørande er friarhistoria hans.
Han blinka seg ut ei jente på kørgefest i Hørisbygden,
men det skulle gå lang tid før ho vart kjæring i Bø.
Meir vil eg ikkje fortelja.
Nei det var ikkje så greitt å koma med kjæring på
garden. Småe hus og mykje folk. "Ventetida" vart brukt
til husbygging, både stort innehus og uthusbygning.
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må vera interessant
lesing, sjølvsagt fyrst og fremst for vangsgjeldingar og særleg
hovudsokningar, men me vil alle kjenne att mykje frå det gamle og
halvgamle grendemiljøet. Yngre lesarar vil få god kjennskap
til korleis det var å vekse opp i Vang fyrst på 1900-talet.
Sigfred
Hovda
Tilbake
|