|
Om laget
Kalender
Aktivitetar
Prosjekt
Tema
Kontakt
Historiske
vandringar
Lokale arkiv
Litteratur/bøker
Lenkjer
Andre lag
i Vang
Valdres
Historielag
Årsmelding-referat
|
|
Tilbake
«Gamalt
fraa Vang» kjem i nytt opplag
Sigfred
Hovda, 2975 Vang i Valdres
Den meisterlege Boka som gamle Bøye Kattevold skreiv medan han
var sengeliggjande, vart utseld nesten med det same ho kom ut i 1943.
Gamle skulemeisteren Bøye døydde i 1936, men to av sønene
hans samla det gamlingen hadde skrive ned og ga det ut i bokform.
Og for ein kulturskatt! Bøye var fødd i 1849, og levande
interessert som han var i bygda si og alt som hadde føregått
der gjennom tidene, vart han ein historieskrivar av dei sjeldne. Boka
er skriven på god, gamal vangsdialekt og i eit ledig og levande
språk.
Bøye fekk den skjebne å bli liggjande til sengs i 12 år.
Desse åra brukte han godt. Han sat oppstødd av puter med
skrivebrett framfor seg i senga og skreiv ned mykje av det han sat inne
med av kunnskap om samtid og fortid i Vang.
Av overskrifter i boka kan nemnast: Um liv og tru og stell i gamal ti,
med undertitlar som friing og bryllaup, fødsel og barnedåp,
død og likferd, klædrakte og matstell, krøterstell,
stølslivet, jakt og fiske, gamle ferdselsvegji, aavertru,dan-s'n
på Hølma og haugafølk, blant mykje anna.
Så har han skrive ned gamle sagn som til dømes: Hulbakk-sagnet,
Tomas-heller'n og Tor Hamre.
Kyrkjesnikkaren, bygdedokteren og heiderskaren Aslag på Hauge, kjempa
i Vabakko, Ola Eivindson Tune, (Øyningen), og tusenkunstnaren Knut
murar'n, (Einhendingen) har fått livsverka sine skildra på
ein fengslande måte.
Så skreiv han om husmannsplassar og fattigfølk, om storflaumen
i 1860, om svinehøld, bjødn og bjødnaskyttara, om
tjuvri, brotsverk, brennevinsbrenning og låg moral på 1830-talet,
og ei fornøyeleg skildring av ein brennevinsauksjon i Bøagardo.
Han Bøye vart omtala som ein makalaus skulemeister. Å høyre
på at han "katekiserte" når det var eksamen og fullt
med folk i skulestøga, skulle vera reine opplevinga. Kjærleiken
til "bødno" skin tydeleg gjennom i Forteljinga fraa skulun,
artige stubbar som eignar seg godt til høgtlesing og underhaldning.
At han var avhalden som skulemeister skjønar me av at 17-maitoget
til ære for gamlingen gjekk frå Fredheim og ned i garden på
Skeie. Dette var årvisst, og etter at han kom seg på føtene
att, stod den kvithåra høvdingen på troppa og tok imot
hyllinga. Akk ja, san. Slike ovasjoner blir ikkje gamle skulemeistrar
til del, no lenger.
Nemnast må det òg at Bøye skreiv fine dikt om heimbygda
si og om liv og virke der. Boka tek til med det fine diktet: Gamle Vang
uppmed høgaste fjello kveikje hugen hjaa store og smaa.
Det har i fleire år vore tala om at denne interessante og lenge
sakna boka burde koma i nytt opplag. Gjennom samarbeid med slektningar
av Bøye, har Vang Historielag teke på seg å få
boka trykt opp att. Boka har no fått to små tillegg der sonen
Helge fortel om far sin, og gamle Johannes Havre som skriv om yrkesbror
sin då han var avliden. Historielaget meiner dette bør vera
ei bok for alle heimar i Vang, i alle fall, og håpar på velviljuge
kjøparar, slik at laget ikkje kjem i økonomiske vanskar
på grunn av dette initiativet. Boka skulle og passe godt som gåve
til utflytte vangsgjeldingar.
Fredag 28. mars blir det ei lita tilstelling på Torsheim der boka
blir presentert nå nytt og blir å få køpt.
Vang, 22/3/2003
Sigfred Hovda
|