![]() |
|
||||
|
|
Gamalt
fraa Vang i ny utgåve. I 1943 kom det ut ei lita hefta bok med tittelen Gamalt fraa Vang. No 60 år seinare kom ho ut på nytt, denne gongen med stive permar. Boka vart presentert på Torsheim fredagskvelden, 28/3 2003, for nærmare åtti frammøtte.
Det var historielaget i Vang som hadde teke arbeidet med å få prenta heftet til skulemeister Bøye Kattevold (1849-1936) om att. Sidan boka vart utseld mest med det same ho kom ut, har det vore uråd for seinare generasjonar å sikre seg eit eksemplar. Og dei fåe bøkene som enno er att i bygda, er såpass utslitne at dei mest ikkje er til å lesa i. Det var nemleg ikkje alle som fekk gjort det slik som Knut H. Berge. Han tok eit brevkurs i bokinnbinding og fekk dermed sikra denne boka og andre hefte eit lengre liv. Sonen, Håkon Einar Berge, kunne vise fram boka og det flotte arbeidet til faren. Elles finst det stensilar av boka i mange heimar. Men no hadde historielaget ordna seg med 500 hendige eksemplar av boka, og om lag ein femdel av desse vart selde alt fyrste kvelden. Etterspurnaden var med andre ord svært stor, og for dei som ikkje hadde høve til å møte fram på Torsheim, kan det ventast besøk av eit aktivt seljekorps utover våren. Elles var det visst høve til å tinge boka på heimesida til Vang Historielag, og lageret er å finne heime hjå Trygve Berge. Han treng neppe setja av stor plass til det. Kvelden på Torsheim vart opna av leiaren i historielaget, Kartharina Sparstad. Deretter overtok Sigfred Hovda som har vore primus motor for prosjektet. Han fortalde om forfattaren, som hadde nytta tolv sengeliggjande år til å skrive ned folkeminnestoff frå bygda. Bøye skreiv alt på dialekt, men han kom ikkje til å få oppleva at nedskriftene sine kom ut i bokform. Det var sønene Helge og Thomas som fekk gjeve ut boka under krigen, i 1943. Bøye Kattevold hadde mange interesser og blant dei fremste var
songen. Det passa difor godt at Vang Sanglag stod for underhaldninga denne
kvelden. Dei framførte tre songar og den fyrste var visa om Vangsmjøse,
skrive av Thomas Skeie. Så fekk me Tytebæret av
Vinje og til slutt Bruremarsj frå Vang. Ei lita matøkt
høyer også med på slike kveldar, og Elevbedrift frå
Vang Barne- og Ungdomsskule ordna med både te og kaffi, og kake
attåt. Til slutt fekk Randi Skeie ordet. Ho og mor hennar, Else, var komne langveges frå i høve bokkvelden. Randi er oldebarnet til forfattaren og ho er skulemeister (rektor i Øyer) i fjerde generasjon. Folkemusikk-valdres vil kjenne henne som nyvald leiar i Landslaget for Spelemenn. Det var far hennar, Boye Skeie, som for fire år sidan tok initiativ og kontakt med Sigfred Hovda for å prøve å få gjeve ut boka på nytt. Men så vart dessverre Boye sjuk, og kunne ikkje fullføre arbeidet. Dottera Randi lovde då far sin å overta arbeidet med boka. Med hytte på Hela og mykje kontakt med slekt og vener i Vang, var ho godt inne i stoffet som oldefaren hadde skildra. Ho song også eit lita strofe frå boka, og oppfordra til slutt møtelyden til ein fellessong som Bøye hadde dikta: Buskapen sleppe ut. Kvelden vart avrunda med at både Randi og Sigfred fekk velfortente blomster frå historielaget. Og så bar det heim att til ei kosestund med Gamalt fraa Vang!
|
||||