Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur/bøker

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

 

Haustvandringa 2002

Tilbake til vandringar

Haustvandringa gjekk i år på vestsida av Helin på ”Stigen hass Knut”. 

Grunneigarane har med støtte frå Vang kommune rydda og merkt den gamle stigen som no vert kalla ”Stigen hass Knut” etter Knut Lajord. Knut Lajord (tidlegare formann i Vang historielag) var svært oppteken med å halde dei gamle stigane opne, og turen var soleis i hass minne.

Der vart snora høgtidelig klipt av son til Knut Lajord, Helge Lajord som også heldt ein tale om sin far. Grunneigarane hadde sjølv take initiativet til denne vandringa, og turen vart leia av grunneigar Bjørn Skøre.

Turen gjekk i ei sløyfe tilbake på Nerre stølsvegen.

Turen vart avslutta på stølen til Helge og Tone Lajord som saman med enka etter Knut, Marit Lajord, stod for traktering(!).

Turen starta nok litt utrygt for regn, men det klårna opp, og landskapet synte seg frå sin vakraste  side i ulike nyanser.

Nok ein vellukka hausttur med ca 45 frammøtte.

”Stigen hass Knut” er også omtalt i Turhandboka for Vang.

 

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 14.02.2011