I
gamle spor langs Vennis-landet
Artikkel i "Valdres"1.6.2001
Skriven av Olav Robøle
Langs stranda mellom Sparstad og Leine er det tett med minne frå
farne
tider. Det fekk dei erfara, dei omtrent sytti som ga seg med på
kulturhistorisk vandring onsdag.
Naturen er heller ikkje å forakte på ein kveld som vêrmessig
var noko
trugande, men som etter kvart ga vermande solstråler over turen
attmed den svartstille Vangsmjøsa. Stundom kunne det sendast
augnekast over mot Grindane for å sjå korleis det tedde
seg med skavlar som vennisingane frå gamalt av har merka seg for
å få ein peikepinn om korleis året ville arte seg.
Og inn mot seinkvelden gjorde flokken som så mange heilt sidan
Olav den heilages tid, tok ein retteleg lang siesta på idylliske
Leine-sanden.
Der alle fall
Det starta dramatisk, med opprulling av dramaet ved dei fire steinane
nedunder Sparstad, der tre eller fire karar frå vestsida etter
legenden vart liggjande etter basketaket med han Tor Hamre. Tor kom
forresten ikkje langt etter feiden han heller, litt lenger nordmed stranda
står steinen der han skal ha stupt, med ein del av innvolane sine
som handbagasje. Under Sparstad kunne det òg filosoferast litt
på Kyrkjeekra? Kan det i ei fjern fortid ha stått ei kyrkje
der, eller er jordlappen ein blant dei mange som i si tid var kyrkjeeige?
Nok om det, i vår tid gjev teigen frodig beite for gamp som skal
gje frå seg proteinrik mjølk. Og tett attmed står
mektige gravhaugar og vitnar om busetnad i førkristen tid.
Tingstad frå 1600-talet
Fleire gjerde laut forserast og mangt var det å falle i stavar
over, før
den neste store stansen, på Hamre-grunn. Her vitnar svært
rike gravfunn om at det ein gong må ha levd storfolk. Meir handgripeleg
i dag er Tingstøga frå 1600-talet, der det budde folk heilt
til tunet vart flytta for omtrent ein mannsalders sidan. Jon Oldre Hamre
fortalde forvitneleg om ein oppvekst på historisk grunn.
Området ved Leineåne er vel det som flittigast blir besøkt
på fine
sumardagen, men priviligerte er dei som får han Lars Skrindsrud
til å koma med korn og sleppe vatn på kallane åt eit
par av dei gamle kvernene. Endå ein gong vart det høve
til å sjå korleis vennisingane ordna seg med mjøl,
og kjenne den karakteristiske svidde angen når stein gnissar mot
stein. Også det rekonstruerte vasshjulet nede på Leine var
sett i gang for høvet.

Tun på flyttefot
Mange tufter frå mange tidsperiodar vart det høve til å
sjå langs leia. Om
Vennis-bygda er frodig, har ho òg stundom naturkreftene farleg
nær, og
fleire gonger har tun måtta få ny plassering etter skred
eller flaum. Sume har òg brote opp frå karrige heimar for
å finne nytt tilvære ein annan stadi verda. Men grunnmurane
står der, og vitnar om solid arbeid.
Turen føyer seg fint inn i rekkja av dei lokalhistoriske vandringane
i
bygda, og lommekjende vegvisarar som Sigfred Hovda og Katharina og Jan
Sparstad sytte for at han vart ekstra gjevande.