VANG HISTORIELAG
Om laget
Litteratur/Kjelder
Historie og Natur
Lekker
Lokale arkiv
Framsida
Sida oppdatert 06.06.18 H.R.
Utsyn frå Hugakøllen - sikteskiva er gjort i stand
Skiva er montert på ein sokkel så du kan orientere deg i den lokale fjellheimen på ein måte du aldri har kunna gjort før. 
Bok med gamle bilete frå Vang under arbeid - status i dag 2. mai 2018
Arbeidet med boka går framover. Tore har arbeidd mykje med skaffe enda meire tilfang. Per dags dato har ein eit luksusproblem: rundt 650 bilete som vi må reduserer til rundt 450-500 for å ende opp med ei bok som har rimeleg storleik.
Boka blir bygd opp etter tema, og førebels har vi tenkt på dette: Vegbygging, brøyting, transport, samferdsel, mekanisering frå hest til traktor, kraftverk og anleggsarbeid, pelsdyr, bygging av driftsbygningar og andre hus, jakt og fiske, reinsdrift, stølsliv, klassebilder og konfirmantbilder.
Fotosamlinga i kommunen har i dag om lag 3500 bilde som vart samla inn i 1994. Ein god del av desse er svært interessante. Vi manglar bilde frå om lag 1940 og framover mot nyare tid, som ikkje er registrert i fotoarkivet tidlegare. Derfor vil det i vår bli ei runde med scanning av interessante bilde i dei forskjellige kretsane. Vi har gode støttespelarar som er med på denne jobben, men vi treng hjelp frå dykk!
Boka vil bli delt inn i tema, og vi treng bilde som syner mange forskjellige situasjonar og hendingar: Vegbygging, brøyting, mekanisering, overgang frå hest til traktor, bygging av driftsbygningar og andre bygg, pelsdyrnæringa, transport/samferdsel, klassebilde, konfirmasjonsbilde, idrettsarrangement, jakt og fiske og kraftverk og anleggsarbeid.
Som de ser er vi ute etter mange forskjellige tema. Bilda de kjem med må vera av brukbar kvalitet, og vi bør vite namna på dei fleste på bilda. Dei bilda som ikkje blir nytta i boka i denne omgang, vil bli lagt i fotoarkivet til eventuelt seinare bruk.
Vi håper verkeleg at de vil stille opp på denne dugnaden, det er viktig å dokumentere fortida vår på denne måten.
Vi vil presisere at dette er eit non-profit-foretak, der ingen av dei som arbeider med dette prosjektet skal tena pengar på dette.
Heimesida til historielaget http://www.vanghistorielag.no vil i denne samanheng bli nytta mykje til informasjon om prosjektet. Følg med der og i lokalavisa for når bildeinnsamlinga startar.


Du kan sjå biletsamlinga her...

Årsmelding for 2017

Årsmøtet i 2017 vart halde på biblioteket 16. mars 2017, og 14 personar var til stades.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Tore Hovda leiar
Ove Bunde nestleiar
Harald Olav Jevne kasserer
Aud S. Kvale sekretær
Helge Rønningen styremedlem

Det meste av arbeidet i 2017 har vorte gjort for å få til bildeboka for Vang. Du finn årsmeldinga for 2017 på ei lekkje nedanfor